HOLBERGPRISEN I SKOLEN

Elevar ved Randaberg vidaregåande skole, 2. året studiespesialiserande linje, deltek i år i ein nasjonal forskningskonkurranse med faget Sosiologi og sosialantropologi. Dei er som ein av tolv skolar i landet trekte ut til å konkurrera med eigendefinerte prosjekt. Holbergprisen i skolen er stifta for å auka unge sin interesse for faget og for å gje innblikk i forskningsverda . Prosjektet er underlagd Universitetet i Bergen og er eit samarbeidsprosjekt med Universitetet i Stavanger. Finalistane vert kåra 11. mai, og vinnaren i juni. Førstepremien er på 15 000 kroner.

Elevane frå Randaberg har i år delteke med seks ulike gruppeprosjekt: «Venteromskultur», «Publikumsadferd», «Kafékultur», «Trening og kroppspress», «Den kjedelege skoletimen» og «Busskultur» - og det er dei tre fyrste prosjekta som denne veka vart er trekte ut til å gå vidare til finalen i Bergen:

William Middelthon deltek med sitt prosjekt «Venteromskultur» der han ser på kva sosial og kulturell situasjon «venterommet» er. Han tar utgangspunkt i teorien om at alle kulturar inneheld det vi kallar «kulturelle mellomrom» der det tilsynelatande ikkje skjer noko. Ved å ta i bruk observasjon og ulike intervjumetodar har han vist korleis ein sjølv i desse gjerne tause og handlingsfattige romma kan avdekka viktige kulturelle mekanismar for samhandling. Den neste gruppa som går vidare har sett på norsk kafékultur og korleis konsepta «kos» og «hygge» der gjerne vert brukt som salsstrategi. Kvifor er «koseleg» eit meme i norsk kultur og korleis er det konstruert? Gruppa ser på korleis «koseleg» er knytt til både norsk kulturtradisjon og til nordmenn sitt forhold til naturen. Transformert til urban kafékultur vert likevel «koseleg» noko litt anna.

Stine Aske Årthun, Ine Paulsen, Ellen Sande, Janne Hanasand Bjerga og Thea Tingvik Klausen utgjer denne kafégruppa. Den siste gruppa,Sigrid Ottesen og Ina Svendsen Gjerde, har denne vinteren og våren fulgt ulike konsert- og teaterpublikum i Stavanger for å kartlegga mønster av adferd. Kvifor er det å delta som publikum i desse samanhengane omgitt av fleire «må» og «bør» enn det å til dømes gå på kafé? Dei har sett på korleis også publikum «isceneset sin opptreden» på desse ulike arenaen, og knyter så dette til Stavanger sin eigen historie når det gjeld møter mellom kulturelite og «oljeadel».

Vi ynskjer finalistane lykke til – måtte den beste vinna!

 

 

 

Del denne artikkelen på: